EUVIMEDEUVIMED entdecken
Open Access · CC BY 4.0

I kva for grad bidrar lærebøker i språkfag til å realisere ein fleirspråklegheitsdidaktikk?

Camilla Bjørke

ELLA - utdanning, litteratur, språk · 20.10.2025 · 3 (5)

DOI: 10.58215/ella.108 ↗

Kurz gefasst

Fachartikel in der Zeitschrift ELLA - utdanning, litteratur, språk, online erschienen am 20.10.2025. Verfasst von Camilla Bjørke. Die Arbeit wurde bisher 2-mal zitiert (Crossref). Der Volltext ist frei zugänglich (Open Access, CC BY 4.0).

AbstractBibliografische AngabenZitierenVerwandte Studien

Abstract (Originalsprache)

I artikkelen tek eg føre meg ein læreverksanalyse av Gyldendals digitale læremiddel i tysk, Spitze 8, for 8. trinn. Dette er laga i samsvar med fagfornyinga i Kunnskapsløftet i 2020 (LK20). Eg undersøker i kva for grad Spitze 8 bidrar til å realisere ein fleirspråklegheitsdidaktikk ut frå føringane i læreplanen for framandspråk. Denne påpeiker at å kunne bruke den samla språkkompetansen frå andre språk elevane kan og kjenner til, og å overføre språkkunnskapar og språklæringserfaringar frå desse, skal vere ein meiningsfull ressurs i framandspråksfaget i skulen. Trass utdanningspolitiske ønske om og mykje forsking på føremonene med fleirspråklegheit i språklæringskontekstar dei siste 20 åra, går det langsamt med implementeringa av fleirspråklegheit i praksisfeltet. Det kan vere mange grunnar til det, ikkje minst manglande fleirspråklegheitsdidaktiske tilnærmingar i læreverka. Viktige faktorar for ein fleirspråklegheitsdidaktikk er samanlikning av språk, læringsstrategiar og positive haldningar i læringskonteksten. Eg gjer her ein kvalitativ innhaldsanalyse der eg brukar desse kategoriane som analyseeiningar. Spitze 8 har fleire fleirspråklegheitsdidaktiske element enn andre læreverk, men gjennom tekstar og øvingar uttrykkjer læreverket likevel ei monolingval tilnærming til språklæring. Det er enno ein veg å gå for å implementere ein ressursorientert og holistisk fleirspråklegheitsdidaktikk, der all språkkompetanse er likt verdsett.

Zitieren

APA

Bjørke, C. (2025). I kva for grad bidrar lærebøker i språkfag til å realisere ein fleirspråklegheitsdidaktikk?. ELLA - utdanning, litteratur, språk, 3(5). https://doi.org/10.58215/ella.108

Vancouver

Bjørke C. I kva for grad bidrar lærebøker i språkfag til å realisere ein fleirspråklegheitsdidaktikk?. ELLA - utdanning, litteratur, språk. 2025;3(5). doi:10.58215/ella.108

BibTeX
@article{Bjrke2025,
  author = {Bjørke, Camilla},
  title = {I kva for grad bidrar lærebøker i språkfag til å realisere ein fleirspråklegheitsdidaktikk?},
  journal = {ELLA - utdanning, litteratur, språk},
  year = {2025},
  volume = {3},
  number = {5},
  doi = {10.58215/ella.108}
}
Kostenlos starten →